Er det eitt feitt kva du et på tur? Korleis tappar du bjørkesaft? Og kva med å laga mat på stubbebål, i kokegrop eller i sjusteinsomn?
Alt dette får du svar på i turkokeboka ET UTE, og undervegs får du vite alt frå kor langt du kjem på energien du får i deg, korleis du kan planleggja og pakka turmaten, til kva slag utstyr du bør ha med. Her lærer du om tørking av turmaten, slik at du får betre plass og sparar vekt. Boka har et eige kapittel med råd for den som har allergiar eller av andre grunnar ikkje kan ete alle matvarar.
Boka er delt opp slik at du finn mat du kan laga klart heime og eta ute, eller du kan bla deg fram til dei rettane du kan laga frå botn ute på tur. Med over 80 oppskrifter på både middagar, snacks og desserter finn du garantert noko du ikkje har prøvd før – og som set ein ekstra spiss på turen.